torsdag 17. mars 2011

Det tradisjonelle vår/heimlengsel-innlegget

Sunnmørsposten melder om at krokusen blomstrar på Voldsdalsberga i Ålesund. Og då kjenner eg det stikk av heimlengt. Våren på Sunnmøre er det vakraste eg veit. Det kjem nye vårteikn kvar dag. Nye fuglar, nye blomar. Livet kjempar seg liksom fram frå dvalen. Så sprengfullt av livskraft som berre ein knopp frå ein løkblomst kan vere. Min favoritt har alltid vore snøklokker. Ikkje berre fordi dei er dei første som kjem. Men fordi dei er så sarte. Så sterke og svake på ein gong. Eg lengtar heim Heim til snøklokketuene, fuglane, lyden av havet og vårlufta.

2 kommentarer:

trineb sa...

Sukk...


Akkurat no er snøklokkene dekte med snø...

Men snart.. !

:-)

Anonym sa...

Ej kan fortsatt melde snøv her oppe! Ekje nokke å attelete ette endå Elisabeth... Men so ho tante sei, snart! :o)
Når mej kan melde vår her oppe so kan ej ta ett bilde å legge ut t dej so kan du få sjå... Om ej e heime når snøvin fær da soklart...
:o)