torsdag 1. desember 2011

1. desember 2011

Eg har alltid vore så glad i adventstida. Det er noko med symbolikken i at vi når året er som mørkast kollektivt tenner lys. I staker, i stjerner, og i tre utanfor. Vi fyller gatene med lys, for å slå tilbake mørket. Litt på samme måten som vi fylde dei med roser i sommar. I år tenner eg adventslysa på ein annan måte. Det er fire månader sidan det skjedde. Massakren på Utøya og bombeangrepet mot Regjeringskvartalet er for lengst blitt ei ”sak”. Forsidene på avisene, tekniske detaljar og lekkasjar om det eine og det andre. For dei fleste av oss er det ikkje lengre verkelegheita vår, men nyheitsverkelegheita. Det er forskjell på det. I nyheitsverkelegheita høyrer det til som er sant, og viktig, men som vi likevel kan ha ein viss distanse til. Vi kan snu oss vekk frå Dagsrevyen og gjere noko anna. Utan å skamme oss over at vi tenker på noko anna ei stund. Men for veldig, veldig mange er det framleis verkelegheita. Kvardagen og livet. Eg trur at veldig mange har tunge dagar akkurat no. Det er fire månader sidan, men i ei sorg skal alt gjerast for første gong åleine. Og akkurat no er det foreldre som heng opp ein adventskalender mindre. Som skriv lister over julegåvekjøp med ein mindre å kjøpe til. Vener, søsken, besteforeldre, kolleger. Som skal gjennom ei av dei tidene i året med flest ritualer, og mest fokus på familien, utan ein. Tru ikkje at vi har gløymt. Vi heldige som slapp unna ljåen denne gongen. Tru ikkje at verda går vidare som før. Vi er her, og eg håper de framleis kjenner at vi sørger saman. Di sorg er mi. Så når det står lys i kvar stake, og heng stjerner i vindauga hos meg i år så er symbolikken litt annleis enn før. I år har eg tent lysa for alle dei som er vekke, og som skulle ha vore her. Og for alle dei som akkurat no må leve vidare. Eg ønskjer frå djupet av mitt hjarte at akkurat du denne adventstida og jula greier å hente fram gode ting også. Styrke, minner og kjærleik.

Ingen kommentarer: